Totalleverandør innan elektro og kraftforsyning

Berget Elektro og Linjebygg er totalleverandør til privat- og bedriftsmarknaden. Vi har som mål å tilby god service og høg kvalitet i alle ledd av prosjekta vi jobbar med. Våre tilsette har solid fagutdanning og lang erfaring innan eit breitt spekter av fagområde. Som godkjent lærebedrift tilbyr vi våre tilsette interessante og utfordrande jobbar med utviklingmoglegheiter.

Vår policy for kvalitet, ytre miljø og HMS

Berget Elektro og Linjebygg AS skal vere ein kvalitets- og miljømedviten organisasjon med eit trygt og triveleg arbeidsmiljø. Vi forpliktar oss til å følgje både interne og offentlege krav, ta vare på selskapet sine eigedelar, og redusere påverknad på miljøet. Produkta og tenestene våre skal vere trygge i bruk, og vi skal stadig forbetre oss gjennom aktiv deltaking frå heile organisasjonen.

Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle og forbetre produkta og tenestene våre for å møte krava frå marknaden og relevante interessentar. Vi jobbar òg kontinuerleg for å overhalde samsvarsforpliktingane knytt til desse krava.

KVALITET

Vi skal sikre høg kvalitet i alle ledd av verksemda ved å utvikle kompetansen til dei tilsette gjennom kurs og vidareutdanning. Montørar og lærlingar skal inkluderast i alle ledd for å skape eigarskap og engasjement.

Vi skal levere rett første gang, unngå feilfakturering og levere god dokumentasjon.

Vi forpliktar oss til å kontinuerleg forbetre leiingssystemet vårt, slik at vi møter krava frå kundar, myndigheiter og andre relevante interessentar.

YTRE MILJØ

Vi har eit overordna mål om å arbeide aktivt for å beskytte miljøet gjennom ansvarleg og miljømedviten drift. Dette inneber at vi forpliktar oss til å integrere miljøomsyn i den daglege drifta og ved innkjøp.

Vi skal prioritere bruk av miljømerkte produkt og samarbeide med miljømedvitne leverandørar. Vidare skal vi sikre korrekt og effektiv handtering av avfall.

Vi skal unngå unødige inngrep i naturen og ta omsyn til økosystem og landskap ved planlegging og gjennomføring av arbeid, slik at vi bidreg til å verne om naturen og forhindre ugunstig miljøpåverknad gjennom førebygging av forureining. 

HMS

Vi skal sikre eit trygt, helsefremjande og triveleg arbeidsmiljø for alle tilsette. Dette inneber at vi sørgjer for at alle tilsette har riktig, oppdatert og sertifisert verneutstyr og at alle har nødvendig kompetanse for å utføre arbeidet på ein trygg måte.

Vi skal ta godt vare på verksemda sine eigedelar og utstyr. Gjennom førebyggjande tiltak og systematisk HMS-arbeid skal vi redusere risiko for ulykker og helseskadar, og bidra til ein trygg og stabil arbeidskvardag.

Kontakt

Hovudkontoret vårt er på Åheim i Vanylven kommune, og vi tek på oss oppdrag både lokalt og nasjonalt. Vi har erfarne fagfolk som står klar til å hjelpe deg med ditt prosjekt, eller for synfaring og eit pristilbod.

Ring oss eller send oss ei melding, og vi svarer deg så fort som råd. Avtal gjerne eit digitalt møte for ein prat om kva vi kan gjere for deg. Vi ser fram til å høyre om ditt prosjekt.

dagleg leiar berget elektro

INGEBRIGT BERGET
Installatør gr. L/ gr. H
Telefon: 91907582
ingebrigt.berget@bergetelektro.no

MICHELLE KROKEN EKREMSÆTER
Administrasjonsleiar, HMSK ansvarleg, elkraftteknikar og elektrikar
Telefon: 91810732
michelle@bergetelektro.no

FRODE SLAGNES
Prosjektleiar, elkraftteknikar, elektrikar
Telefon: 90692045
frode@bergetelektro.no

Ledig stilling Berget Elektro

Ledig stilling

Berget Elektro og Linjebygg AS er stadig på utkikk etter dyktige medarbeidarar til laget vårt. Vi er totalleverandør av elektrotenester til både privat- og bedriftsmarknaden, og vi kan tilby ein spennande arbeidsplass med gode utviklingsmoglegheiter.

Har du spørsmål om ledige stillingar, tek du kontakt med dagleg leiar Ingebrigt Berget:

Telefon: 91 90 75 82
ingebrigt.berget@bergetelektro.no